Gardshus

Gardshuset er eit hus frå 1800-talet, men er oppussa og modernisert. Huset ligg ca. 100 meter frå sjølve campingplassen. Det er ca 80m² stort, og har 7 sengeplassar. Det inneheld kjøkken, stove, 3 soverom og eit bad.
Eit av soveromma er i første etasje saman med kjøkkenet, stova og badet. Dette soverommet har ei køyseng. Dei to andre soveromma er i andre etasje, der det er ei dobbelseng på det eine rommet, og ei dobbelseng og ei enkelseng på det andre rommet.
Badet er enkelt innreda med toalett og dusj.

  • Kjøkken:
  • – Kjøkkenbord og stolar til 7 personar
  • – Frys/kjøleskap
  • – Oppvaskkum
  • – Steikeovn
  • – Kaffetrakter
  • – Koppar og kar til 7 personar m.m.
  •  
  • Bad:
  • – Wc
  • – Dusj
  • – Vask
  •  
  • – Stove:
  • – Peis
  • – Sofa og stoler til 7 personar
  • – Tv
  •  
  • Soverom 1:
  • – Dobbelseng
  • – Klesskap
  • – Nattbord
  •  
  • Soverom 2:
  • – Dobbelseng
  • – Enkelseng
  • – Klesskap
  • – Nattbord
  •  
  • Soverom 3:
  • – Køyseng
  • – Klesskap
  • – Nattbord

Gardshuset er utstyrt med dyner og puter til 7 personar. Er det ønskelig med sengetøy kan det leigast.

[ Sjå bilete ]

img/nede/16.jpg