Bygda
Hellesylt er ein av dei eldste turiststadane i Noreg. Om våren, sommaren og hausten er han eit eldorado for
sportfiskarar og turfolk.
Hellesylt (650 fastbuande) har lange tradisjonar i turistferdsle. Ein vekslande, variert natur gjev inntrykk
tusenvis festar til film, og som dei kjem att år etter år for å oppleve på ny. Hellesylt vert kvart år vitja av ca.
100 store cruiseskip, mellom dei er dei største i verda «Queen Mary II» og «The World».
Likar du å gå i fjellet, vil du her finne nok av toppar å prøve deg på. Men du treng ikkje vere fjellklatrar for
å kome til fjells. I time etter time kan du rusle langs stiar og setervegar, slukke tørsten i en fjellbekk med
krystallklart vatn og verkeleg kjenne stillheit og ro – slikke sol på ein setervoll eller ved ein snøbre – nyte
ferielivet. Inn til mange av fjelldalane går det veg. Både frå bilen eller om du vil gå ein tur frå der vegen
sluttar, kan du oppleve fjellet sin eigenarta sjarme.
Likar du å fiske – i så fall har du sjansen her. I Korsbrekkelva (som renn forbi Stadheimfossen Camping) er det
teke storlaks på over 25 kg og elva er kjend og populær mellom sportsfiskarar. I dei mange andre elvar og fjellvatn
i bygda kan ein fiske ørret, mot svært rimelege fiskekort. Og sjølvsagt kan du prøve fiskelukka i Sunnylvsfjorden.
I fjorden kan det og vere behageleg badetemperatur på varme sommardagar.
Stadheimfossen Camping er det ideelle utgangspunktet for dagsturar til nokre av dei mest kjende turiststadane på
Vestlandet: Geiranger med den verdskjende fjorden, Trollstigen, Briksdalsbreen og Nordangsdalen.
Vi trur at når du lærer bygda å kjenne, vil opphaldet her bli lenger enn først planlagt, og du vil kome att
år etter år. Du er velkommen!